Ål Statlege Mottak til Lien

Postet av Torpo IL den 21. Apr 2015

Tysdag 28. april: Frå Ål Statlige Mottak til Lien.

Frammøte ved mottaket kl 1800

Tradisjonen tru går fyrste turen frå mottaket til Lien. Me går gamlevegen forbi «Klukkarbrøten» og

opp beitet til Lien, der håpar me å møte på søyer og små lam. Frå Lien går me ein av dei gamle

stigane ned til garden Uhlen. Her gjer me oss kjent med dyra og folka på garden. Me vonar på fint

vårver med is til ungane. Frå Uhlen går me attende til mottaket.

Bratt stigning opp til Lien, bratt nedoverbakke til Uhlen. Det kan vera fuktig så ta på gode sko.

Tonga finn du ved Skogbruksbua (på nedsida til fjøset på Lien).

Turen er om lag 3 km.

Turansvarleg: Hans Petter Evensen, tlf 4800 8253.






Rundtur vest for Lya

Postet av Torpo IL den 21. Apr 2015

ysdag 5. mai: Rundtur vest for Lya.

Frammøte ved Hallingdal Betong kl 1800

Me går vegen opp langs Lya, tek så traktorveg vetsover og så stig mot Haugo. Går så austover mot

Storesteinen, vidare austover mot pukkverket og attende til Hallingdal B. Turen går i lett terreng.

Tonga finn du ved Storesteinen.

Turen er om lag 3,5 km.

Turansvarleg: Kjetil Lappegård, tlf 9524 0544







Bjørøynatten rundt

Postet av Torpo IL den 21. Apr 2015

Tysdag 12. mai: Bjørøynatten rundt.

Frammøte ved undergangen aust for Brenna Bil kl 18.00

Me parkerar ved undergangen, går så den gamle Ridalsvegen opp på Bjørøynatten der me skriv oss

inn i boka. Deretter går me vidare ned på stigar/traktorveg til kompostanlegget der me får ei kort

omvisning. Går så vegen attende til undergangen.

Tonga finn du på Bjørøynatten (ved boka).

Turen er om lag 3 km.

Turansvarleg: Kjetil Lappegård, tlf 9524 0544







Finnesgarden til Storlien

Postet av Torpo IL den 21. Apr 2015

Tysdag 19. mai: Frå Finnesgarden til Storlien.

Frammøte ved Klubbhuset kl 1800

Me fyller opp bilar ved Klubbhuset og køyrer til Finnesgarden, går så tømmerveg til Juvsmoen,

deretter stigen til Øvre og Nedre Juven. Vegen vidare er bratt og delvis tilgrodd, men dette går fint

berre me tek det med ro. Når me nærmar oss Botten og Underberget tek me stig over Finnesåne ved

Kvednahuset til Storlien. Her blir det rast og omvisning. Turen fortset Kvednahusvegen til Storlien,

så attende til Klubbhuset.

Tonga heng ved Kvednahuset.

Turen er om lag 5 km.

Turansvarleg: Ole Karterud, tlf 9777 2774.





Lien til Brøtmyrane

Postet av Torpo IL den 21. Apr 2015

Tysdag 26. mai: Frå Lien til Brøtmyrane.

Frammøte ved Lien, Ål vg. kl 1800

Me parkerar på Lien. Går så kultur/naturstigen som Leiv Bråtalien oppretta for mange år sidan, forbi

dei gamle husmannsplassane Randen og Djupedalen og bort til Rudningen. Her går me innom den

hemmelege kjelda før me går inn i den freda urskogen i Tuftelia og vidare opp til Brøtmyrane.

Attende går me skogsvegen bort til Syningenvegen og nedatt til Lien.

Tonga heng der stigen går inn i Tuftelia.

Turen er om lag 4,5 km.

Turansvarleg: Hans Petter Evensen, tlf 4800 8253.







Levert av IdrettenOnline