Ål Statlege Mottak til Lien

Postet av Torpo IL den 21. Apr 2015

Tysdag 28. april: Frå Ål Statlige Mottak til Lien.

Frammøte ved mottaket kl 1800

Tradisjonen tru går fyrste turen frå mottaket til Lien. Me går gamlevegen forbi «Klukkarbrøten» og

opp beitet til Lien, der håpar me å møte på søyer og små lam. Frå Lien går me ein av dei gamle

stigane ned til garden Uhlen. Her gjer me oss kjent med dyra og folka på garden. Me vonar på fint

vårver med is til ungane. Frå Uhlen går me attende til mottaket.

Bratt stigning opp til Lien, bratt nedoverbakke til Uhlen. Det kan vera fuktig så ta på gode sko.

Tonga finn du ved Skogbruksbua (på nedsida til fjøset på Lien).

Turen er om lag 3 km.

Turansvarleg: Hans Petter Evensen, tlf 4800 8253.







Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc