Finnesgarden til Storlien

Postet av Torpo IL den 21. Apr 2015

Tysdag 19. mai: Frå Finnesgarden til Storlien.

Frammøte ved Klubbhuset kl 1800

Me fyller opp bilar ved Klubbhuset og køyrer til Finnesgarden, går så tømmerveg til Juvsmoen,

deretter stigen til Øvre og Nedre Juven. Vegen vidare er bratt og delvis tilgrodd, men dette går fint

berre me tek det med ro. Når me nærmar oss Botten og Underberget tek me stig over Finnesåne ved

Kvednahuset til Storlien. Her blir det rast og omvisning. Turen fortset Kvednahusvegen til Storlien,

så attende til Klubbhuset.

Tonga heng ved Kvednahuset.

Turen er om lag 5 km.

Turansvarleg: Ole Karterud, tlf 9777 2774.






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline